Våre tenester
Vi utfører grunnarbeid og graving. Vi har store og små gravemaskiner som passar til ulike prosjekt. Maskinførarane har fagbrev og dokumentert sikkerheitsopplæring. Vi planerer tomter, drenerer og grev grøfter for legging av vatn- og avløpsrør. Maskinene er sertifisert og utstyrt med GPS og it-utstyr for å lese teikningar og prosjektinfo.
Steinmassar
Vi leverer veggrus, strøsand, singel og pukk ut til kundar i heile Sunnfjord.
Adresse til Østenstad Massetak: Jølstravegen 188, 6847 Vassenden
Vi produserer grus, singel, pukk, strøsand, kabelsand og stein i vårt massetak "Østenstad Massetak" i Jølstravegen 188 ved Moskog i Sunnfjord kommune. Vi har ope kvar dag frå klokka 0730 – 1530.
Veiledande prisar
Eventuell transport kjem i tillegg.
Veiledande transportprisar:
Transport med lastebil kostar 65 kr/km eller 950 kr/ time. Minstepris for enkelttur er kr 650. Ta kontakt på 57 72 73 00 for å få eit godt tilbod.
Det går cirka 12 tonn på eit lastebillass, og dette er cirka 9 kubikk
Alle prisar er eks mva.
Fraksjon | Pris (kr / tonn eks mva) |
Grus (0-16) | 105 |
Grus (0-20) | 100 |
Grus (0-300) | 105 |
Grus (0-32) | 100 |
Grus (0-60) | 100 |
Kabelsand (0-2) | 100 |
Kabelsand (0-4) | 100 |
Kabelsand (0-8) | 100 |
Plastringsstein | 65 |
Pukk (20-120) | 105 |
Pukk (20-300) | 105 |
Pukk (20-60) | 110 |
Pukk (60-120) | 105 |
Pukk (60-300) | 105 |
Singel (16-22) | 137 |
Singel (6-16) | 147 |
Singel (8-16) | 147 |
Singel (8-20) | 142 |
Singel (8-22) | 137 |
Stein (samfengt/fyllmasse) | 65 |
Strøsand (2-6) | 180 |
Strøsand (2-8) | 180 |
Vi utfører fjellboring og fjellsprengning. Vi har landbaserte boreriggar og utstyr for mindre oppdrag.
Se video
Vi transporterer utstyr og maskiner. Vi løfter maskinflaket ned på bakken, slik at det er enkelt for kunden å lesse utstyret av og på.
Treng du ein avfallskontainer? Vi leiger ut kontainer og tar oss av transport og tømming av avfallet. Det kostar 30 kr inkl moms per døgn å leige ein kontainer. Spør oss om pris på transport. Vi kan og finne ut kva det kostar å levere ulike typar avfall.
Om oss
I 1976 starta Jostein Sunde opp verksemda åleine med ei gravemaskin. I dag leiar han ei bedrift med over 40 års erfaring frå bransjen;
- Vi held til på Skei i Jølster, Sunnfjord kommune (Vestland)
- Vi har 20 tilsette; anleggsmaskinførarar, bergsprengere, boreoperatørar, maskinførarar, prosjektleiarar og administrativt personale.
- Vi har god miks av nytilsette og folk med lang erfaring.
- Arbeidarane har fagbrev og dokumentert sikkerheitsopplæring
- Vi har sentral godkjenning klasse 2 og ADK-godkjenning.
- Vi er medlem i Maskinentreprenørenes Forening.
Vi oppgraderer maskinparken kontinuerleg. Topp moderne utstyr er viktig for god tryggleik, effektiv produksjon og godt miljø! Kundane våre er privatpersonar, bygningsfirma, småkraftverk, kommunar, og statlege og private entreprenørfirma. Vi har aldri fått dagsmulkt og har alltid gjort opp for oss. Vi har aldri permitert nokon, dei tilsette har lågt sjukefråvær og stor arbeidsglede! Vi har lang tradisjon som lærebedrift. Mange lærlingar har starta karrieren sin hos oss!
Vi er glad og stolt over å kunne støtte lag, foreningar og gode tiltak i lokalmiljøet. For oss er nøgde kundar alltid viktigare enn kortsiktig gevinst. Fleksibilitet og samarbeid skal vere vårt kjennemerke!
Velkomen til oss!
Kontakt oss
Dette er en HTML-modul som trengs for å vise popup-vinduer når du klikker "Les mer". Vær så snill og slett den ikke. Det er ikke synlig på den offentlige siden.